top of page
Search

Forskingsmidlar til Sider frå Hardanger

Sider frå Hardanger – Noregs svar på champagne?

Hardanger Siderprodusentlag går vitskapleg til verks for å sikre kvaliteten på produkta sine. Med tre millionar i forskingsstøtte frå RFF Vestlandet, skal dei finne ut kva kjemiske bindingar og mikrobiologiske prosessar som er avgjerande for god sider. Siderprodusentlaget har ein visjon om å utvikle sideren til å bli «Noregs champagne», og målet med denne forskinga, er å bidra til utvikling av eit større smaksmangfald av stabilt høg kvalitet. 

Forskarane vil finne ut meir om korleis smaken vert påverka av samspelet mellom eplesortar, gjærtypar og biokjemiske prosessar under gjæringa. Dei vil utforske bruken av ulike villgjærtypar og bruke kunnskapen frå prosjektet til å utforme kvalitetskrav og kontrollsystem som sikrar stabil produktkvalitet. På sikt er målet å utvikle ei sertifiseringsordning for den geografisk beskytta merkevara Sider frå Hardanger.

- Etterspurnaden etter norsk sider aukar, både heime og ute. For å ta det neste steget og verkeleg slå igjennom på ein internasjonal marknad, krevst det profesjonalisering og produksjonsmetodar som gjev same høge kvalitet og same gode smak gong etter gong. Det kan denne forskinga bidra til, seier Følling.

I forskingsprosjektet skal siderprodusentar samarbeide med NIBIO, Wine Research Centre - University of Nova Gorica i Slovenia og andre partnarar. 

For meir informasjon, kontakt Asbjørn Børsheim, styreleiar for Hardanger Siderprodusentlag, på tlf. 911 02 215. 


31 views0 comments

Comments


bottom of page