top of page
Search

Ny dagleg leiar i Hardanger Siderprodusentlag

Like etter jol vart det lyst ut ei ny 100 prosent stilling som dagleg leiar i Hardanger Siderprodusentlag med kontorplass på Nibio, Lofthus. Dette i samband med at noverande leiar Kjetil Widding forlet si rolle i Hardanger Siderprodusentlag og går over i ny stilling som dagleg leiar av Sparebankstiftinga Hardanger.

Styret i Siderprodusentlaget fekk 14 søknader med mange gode kandidatar, og etter ein grundig rekrutteringsprosess vart Anna Gursli Langesæter tilsett i stillinga. Ho takka ja til stillinga og tek til 1.mai 2022.

Anna har ein solid bakgrunn som statsautorisert revisor og leiarerfaring frå næringslivet der ho no sist kjem frå stillinga som dagleg leiar i Næringshagen i Ullensvang. Ho har masterutdanning både i rekneskap og revisjon og i økonomi og administrasjon.

Den nye daglege leiaren vil ta over leiinga av Hardanger Siderprodusentlag samstundes som ho vert ein viktig del av vidareføringa av siderklyngesatsinga der det er mange spennande prosjekt på gang.

Styret ser fram til å samarbeida med Anna som dagleg leiar. Anna viser stor interesse for og kunnskap om satsinga innan frukt og sider i Hardanger. Ho har og eit godt nettverk i regionen . Dette er eit viktig grunnlag for vidareføring av samarbeidskulturen og utviklingsarbeidet som var sentralt i siderklyngeprosjektet. Med dette som bakgrunn vil ho kunne arbeida for framleis ei sterk satsing innan sider i alle frukt- og siderbygdene i Hardanger, seier styreleiar Asbjørn Børsheim.



For ytterlegare informasjon:

Asbjørn Børsheim, styreleiar i Hardanger Siderprodusentlag, 911 02 215

Anna Gursli Langesæter, 958 90 237


947 views0 comments
bottom of page