
Bli medlem i Hardanger Siderprodusentlag
Det er to typar medlemskap:
1) Personleg medlemskap: For deg som er interessert i sidernæringa eller som ynskjer å starta opp som siderprodusent.
2) Medlemskap for produsentar med løyve og produksjon.
Ynskjer du medlemsskap?
Ta kontakt på hardanger@siderklynga.no
Medlemskap
Som medlem i Hardanger Siderprodusentlag vert du del av eit kjekt fellesskap med produsentar og siderinteresserte i Hardanger. Dagleg leiar og styre jobbar kontinuerleg for merkevara "Sider frå Hardanger", skapa gode rammevilkår for næringa og nye tenester og kunnskap for produsentane.
-
Månadleg nyhetsbrev med siste nytt, oversikt på marknadsevent og kurs.
-
Tilgang til å nytta merkevara "Sider frå Hardanger" (etter godkjenning frå laget).
-
10 % rabatt på medlemskap i Matarena - Smak fra Vest.
-
Tilgang til medlemssamlingar og kurs.
-
Oppføring på siderklynga.no.
-
Oppføring på tastehardanger.com.
-
Rettleiing innan etablering, alkoholreklame og andre relevante tema.
-
Tilgang til deltaking på Hardanger Internasjonale Siderfest sine publikumsaktivitetar.
Kontingent 2025
1. Personleg medlemskap: 1050 kr pr år.
2. Medlemskap for produsentar i produksjon og sal
-
Grunnsats 1050 kr (0 % mva)
-
Serviceavgift 11 550 kr (eksl. 25 % mva)
-
Tilleggssats serviceavgift: 0,315 kr pr liter selt. (eksl. 25 % mva)
Døme: Sal av 50 000 liter
1050+11550+0,315*50000 = 28 350 kr.
For produsentar med sal inntil 10 000 liter gjeld følgande trinnmodell:
Maksbeløp for antal liter selt (pris eksl. mva)
-
1 000 liter - 5250 kr
-
2 000 liter - 6300 kr
-
3 000 liter - 7350 kr
-
4 000 liter - 7875 kr
-
5 000 liter - 8400 kr
-
6 000 liter - 9450 kr
-
7 000 liter - 10 500 kr
-
8 000 liter - 12 075 kr
-
9 000 liter - 13 650 kr
-
10 000 liter - 15 750 kr
*Ved sal mellom to terskelverdiar, vert kontingent rekna ut som gjennomsnitt.
T.d. 1500 liter vert kr 5775.

For eksisterande medlem
Velkomen til internsida for Hardanger Siderprodusentlag.
Her finn du nyttig informasjon, lenker, nyhetsbrev, medlemsfordelar mm.
Tilgang til innhaldet krever medlemskap og brukarpålogging.
For eksisterande medlemmer:
Slik får du tilgang til medlemssida:
1. Opprett din brukar (sign up-funksjon) øverst til høgre.
2. Dagleg leiar får automatisk melding når du har oppretta brukar.
3. Dagleg leiar gjev deg riktig tilgang og gir deg beskjed når tilgang er tildelt.
4. Du har tilgang til alt innhald og kan utforska vidare medlemssida :)
Utforsk
Samla oversikt til forskningsartiklar om sider og eplemost.
.jpeg)
Samarbeidspartnarar
Kontaktinformasjon til siderbåt, reiselivsaktørar osv.

Organisasjonskalender som viser aktivitetar, eventer og fristar
Her kan ein leggja inn blog-post på kjøp og sal av utstyr
Dokumentsenter med tilgang til alle viktige dokument
(Presentasjonar,
Årsmøtepapir,
fellesavtalar mm)