top of page

Sider frå Hardanger

Framside booking.jpg

Sider frå Hardanger - ei beskytta geografisk nemning

«Sider frå Hardanger» er det fyrste norske alkoholproduktet som har oppnådd beskytta geografisk nemning.

 

Sideren er karakterisert av ein lett, syrleg og aromatisk eplesmak som kjem av gode vekstvilkår, og lange tradisjonar som har gjeve omfattande kunnskap om korleis sideren vert laga.

Sider frå Hardanger er laga på ferskpressa eplemost og er gjæra anten på villgjær fra epleskalet, eller tilsett gjær. Samansetjinga i epleråstoffet og kvaliteten på epla i Hardanger gjev Sider frå Hardanger dei smakskarakteristiske og aromatiske fruktsyrene.

Eple frå Hardanger har ei historie som går gjennom århundrar, og eplesider har vore produsert i Hardanger sidan slutten av 1800-tallet. Sider frå Hardanger er laga i Hardanger av eple dyrka i Hardanger, og vil ha ein naturleg variasjon i smak og aroma. Produsentane vel sjølv kva slags eplesortar som vert nytta, alkoholprosent og mengda sukker som vert tilsatt. Alkoholprosenten kan variera frå 3 til 12 prosent og sideren vert klassifisert som tørr, medium eller søt.

I 2025 arbeider med for å revidera forskrifta. Det har kome mykje kunnskap til sidan 2009 som me ynskjer å få inn i forskrifta. T.d. tydelegare definisjon av kva som er avvik og feil i sider. 

Les meir om den norske ordninga for beskytta betegnelsar

Kvalitetssystem

Sentralt arbeid i Hardanger Siderprodusentlag er å arbeida for kvalitet i alle produkt i Hardanger. 

I Hardanger er det ei vid produktfortefølje med produkt som både er innanfor og utanfor den beskytta geografiske nemninga. Me arbeider med kvalitet for alle produkt. 

Kvalitetssystem og godkjenning

Medlemskap i Hardanger Siderprodusentlag

Hardanger Siderprodusentlag er rettmessig brukar av merkevara "Sider frå Hardanger". Det er laget som godkjenner produkta som får nytta merkevara "Sider frå Hardanger". 

 

Det betyr at du må vera medlem i Hardanger Siderprodusentlag og kvart produkt skal godkjennast.

Godkjenning og kvalitetskrav for produkt merka med "Sider frå Hardanger"

Me arbeider med å innføra meir formelle krav og system for godkjenning av produkt.

Årsmøtet i 2024 vedtok at det for produkta som skal merkast med "Sider frå Hardanger" skal det gjenomførast:

  • Etikettkontroll

  • Krav til at det foreligg kjemisk analyse av produktet (syre/sødme/alkohol)

  • Krav til at produktet er smakt på (sensorisk panel eller andre oppnemnte personar i laget). Dette for å kontrollera at produkta ikkje inneheld feil. 

Godkjenning av produkt sendes til dagleg leiar i laget
(sendes til styreleiar i perioden 9. juni 25 - 1. april 26)

Produkt utanfor merkeordninga

Alle produkt skal til etikettkontroll. Dette for å kontrollera assosiasjonen til merkevara "Sider frå Hardanger". 

Det er kun rein eplesider produsert i Hardanger som er innanfor det definerte regelverket. Produkt som ikkje kan merkast med "Sider frå Hardanger" er til dømes issider eller sidrar som er tilsett andre frukter og bær, humle og andre tilsettingar. Sider laga på konsentrat er ikkje innafor ordninga. 

Den beskytta nemninga står sterkt juridisk, og gjev oss også mynde til å slå ned på produkt som vert forsøkt assosiert med "Sider frå Hardanger". 

VisitHardanger_SiderGard_C35A5973.jpg

Eple frå Hardanger

«Hardangereple» er også beskytta geografisk nemning.
Eple dyrka i Hardanger har ein frisk og syrleg smak. Dette kjem av dei spesielle vekstvilkåra som klimaet og naturen i Hardanger gir. På grunn av plasseringa ved 60° N er klimaet i Hardanger kjølig og rikt på lys i vekstsesongen. Eit slikt kjølig klima gir eple med høgt innhald av smakskarakteristiske fruktsyrer (0,5-1,0 %) og spesielt mykje C-vitamin. Samstundes sikrar varme og solrike sommardagar at det blir utvikla nok sukker i epla (11-13 %). Dei kjølige nettene om hausten er og med på å gi auka syre- og sukkerinnhald rett før haustinga.

Den gode balansen mellom syre- og sukkerinnhald kjenneteiknar eple dyrka i Hardanger.

Tilbake til prosjektoversikt
bottom of page