top of page

EKSPORT

Det er klare ambisjonar om at Sider frå Hardanger og norsk sider skal på kartet internasjonalt. Å få i gang eksport er eit absolutt mål, samtidig er det eit krevjande arbeid og det handlar om å finna dei rette marknadane. 

Arita.jpg

Status

Alle dei største sideria har eit ynskjer om å koma i gang med eksport til dei riktige marknadane. Sider frå Hardanger er eit premium-produkt som også treng eit høgt prispunkt. Me er på jakt etter importørar og folk med nettverk i utlandet som kan vera døropnar og har riktige kontaktar inn i Horeca-marknaden og andre relevante "high end"-delar av marknaden. 

 

Dei siste åra er det eksportert mindre kvantum til utlandet. Til dømes:

Edel (Åkre gard) sel til høgtståande restaurantar i utlandet. 

Alde og Aga har saman eksportert til Italia. 

Alde etablerer samarbeid med amerikanske aktørar innan import og distribusjon. 

Hardanger saft- og siderfabrikk arbeider aktivitet med å delta på messer og knyta kontaktar i utlandet. 

Det er spennande ting på gang!

Ta gjerne kontakt med produsentane for å prata om eksport. 

 

HANEN har eit prosjekt der dei arbeider mot dei norske ambassadane i utlandet og å få distribusjon gjennom deira nettverk.Ta kontakt med Bernt Bucher Johannessen i HANEN for meir informasjon om dette. 

Tilbake til prosjektoversikt
bottom of page