
Nasjonalt frukt- og sidersenter
Sidan 2020 har ein engasjert gjeng frå ulike delar av næringslivet jobba for å etablera eit nasjonalt frukt og sidersenter med utgangspunkt i frukt- og sidermiljøet i Hardanger og nasjonalt.
Kontaktperson: Randi Bårtvedt, 97710397, randi.bartvedt@hvm.museum.no
Visjon
Skapa eit nasjonalt formidlingssenter for frukt- og siderproduksjon, forankra i forsking, næring, kultur og tradisjon.
Mål
Ta i bruk prestegardsløa, uteareal og andre bygg ved
Ullensvang prestegard til eit nasjonalt formidlingssenter for frukt- og siderproduksjon.
Anlegget skal verta ein attraksjon og ein aktiv møteplass for næring, innbyggjarar og tilreisande.
Attraksjonen byggjer på og ivaretek vår felles kulturarv.
Senteret skal vera ei kraft i utviklinga av fruktnæringa og kulturlandskapet.


Bakgrunn
Lofthus og Hardanger er episenteret for norsk frukt- og siderproduksjon. Her finn du
-
NIBIO: nordens største forskningsmiljø innan frukt- og sider
-
Norges mest profesjonelle fruktprodusentar
-
Norges mest profesjonelle siderprodusentar og 80 % av norsk siderproduksjon
-
Eit kulturminnemiljø med status som utvalt kulturlandskap (UKL) innan norsk landbruk
-
Lange tradisjonar og rik historie innan fruktdyrking og
-
historia om munkane, kyrkje og prestane sitt bidrag til fruktdyrkinga og eit kunnskapssenter.
-
Museum og tilhøyrande fou-miljø innan frukt og kulturtradisjon.
-
Utdanning innan frukt- og sider ved fagskulen Hjeltnes
-
Ei yrande reiselivsnæring i verdas vakraste og reinaste natur mellom fjord og fjell.
Kva har me gjort så langt?
Frå prosjektstart i 2020

Skisser og planar for fysisk formidlingssenter for frukt og sider
Hausten 2024 la prosjektgruppa fram skisser og eit moglegheitsstudium for eit fysisk bygg - eit formidlingssenter for frukt og sider med utgangspunkt i prestegardsløa på Lofthus.
ArkiPartner har utarbeida skisser og rapport saman med prosjektgruppa.

Arrangert epledagen
Epledagen er siste tysdag i september kvart år.
Prosjektet igangsatte felles markering av epledagen i 2024. Det vert eit svært velukka arrangement på tvers av alle generasjonar i bygda Lofthus. Veisane barnehage, Opedal skule, NIBIO, Hardanger Siderprodusentlag, Ullensvang fruktlager, Kinsarvik bygdekvinnelag, Kinsarvik bibliotek, frukt- og siderprodusentar inviterte til læringsaktivitetar på gardane, og til felles ope hus på Krossvoll (bygdehuset). Innkomne pengar frå kafeen vart donert til TV-aksjonen.
I 2025 vert det open dag på NIBIO, og me skal arbeida med vidare opplegg og kanskje utviding. Ny tradisjon er etablert!
Me oppmodar øvrige bygder i Hardanger (og Noreg) til å markera denne dagen også.

Forprosjekt, interessentanalyser, studietur og kartlegging i Frukt- og Sidernæringa
Prosjektgruppa frå 2021-2023 har gjort eit grundig forarbeid. Sjå rapportane under.
Me har blant anna besøkt sentrale aktørar i frukt- og siderdistrikta i Rogaland, Sogn, og Telemark og vore på studietur til frukt- og siderdistriktet Hereford i England.
No jobbar me vidare med
-
Eigarskap og forankring.
-
Klyngesamarbeid.
-
Driftsmodell og brukarar.
-
Oppdatert interessentanalyse
-
Investeringsmodell.
-
Konkrete forslag til aktivitetar, utstillar og innhald.
-
Aktivitetar retta mot frukt- og sidernæringa.
Kontaktperson: Randi Bårtvedt, 97710397, randi.bartvedt@hvm.museum.no
Finansielle støttespelarar
Sparebankstiftinga Hardanger
Vestland fylkeskommune
Hardangerrådet
Ullensvang næringsfond
UKL-midlar Ullensvang kommune
Nasjonale tilretteleggingsmidlar Landbruksdirektoratet
NIBIO
Siderklynga / Hardanger Siderprodusentlag
Hardanger og Voss Museum
Ullensvang fruktlager















