Memo om alkoholreklame
- Klyngeleiar
- May 22
- 1 min read
Sidernæringa er ei næring i kryssingspunket mellom landbruk, næring, helse og reiseliv.
Dagens lov om alkohol og alkoholreklame - med tilnærma fullstendig kommunikasjonsforbod for siderprodusentane - gjer det svært vanskeleg å kunne fortelja om alt frå reiselivsopplevingar og generelt byggja merkevare for det som er små lokalmatprodusentar.
Vårt felles nasjonale fagutval for fruktvin og sider har utarbeida eit memo om alkoholreklame som fortel om problema og ikkje minst endringane me meiner må til for å ha likare konkurransegrunnlag både nasjonalt og internasjonalt, og unntak for alkoholreklame som er nødvendig for å kunne driva med reiselivsopplevingar.
Comments