Prosjekt Uncorking Wine & cider typicality
- Klyngeleiar
- Jun 5
- 1 min read
Uncorking Wine and cider typicality er eit internasjonalt forskningsprosjekt gjennom Universitetet i Nova Gorica, Slovenia og fleire internasjonale aktørar.
Frå Hardanger har NIBIO, Hardangerrådet og Hardanger Siderprodusentlag delteke. Nofima frå Ås har og vore med. Om prosjektet på NIBIO sine nettsider.
Prosjektet har bidratt med oppbygginga av eit forsknings- og utviklingssenter ved NIBIO og tenestane som no tilbys hjå NIBIO.
NIBIO har jobba med å karakterisera viktige kjemiske komponentar typisk for "Smaken av Hardanger" og Nofima har utvikla eit smakskart for "Sider frå Hardanger". Prosjektet har bidratt til at NIBIO har tatt ei rolle som ekspertmiljøet for siderforskning i Noreg. Det er etablert sensorisk panel, samt lab for kjemisk analyse av sider og utstyr til småskalaforsøk på siderproduksjon. Fagmiljøet ved NIBIO har knytta seg tett til fagmiljø i utlandet.
Prosjektet vart avslutta 31.12.23.
Prosjektrapport kan lesast her
Comentários