top of page
Search

Sidersafari og fjord cruise

Spennande nytt reiselivsprodukt i Hardanger frå 19. juni til 23. august.

Då kjem nemleg hybridbåten «Vision of the Fjords» til Hardanger med skreddarsydde pakkar som inkluderer gardsbesøk, sidersmaking og båttur med det populære fartøyet.


Satsinga er eit samarbeid mellom The Fjords, De Historiske, Siderklynga Hardanger og lokalt reiseliv med Ullensvang Reiseliv i spissen.


Det vil verta mogeleg å kun ta fjord cruise ved å kjøpe billettar ombord eller via nettsidene til Visit Flåm


Skreddarsydde pakker som inkluderer gardsbesøk, sidersmaking og båttur er tilgjengeleg via Taste Hardanger eller De Historiske


Du kan velja å starta turen, som har tre daglege avgangar, frå enten Lofthus eller Odda. Du har også valet mellom å besøka éin eller fleire sidergardar. Gli forbi majestetiske fjelltoppar, kontrastfylte isbrear, sjarmerande fjordbygder og hundretusenvis av frukttre i Sørfjorden – den største frukthagen i Noreg.



Tilgjengeleg i perioden: 19/6 - 23/8

1,013 views0 comments
bottom of page