Utdanning og kompetanse
Sidernæringa treng folk med ulik kompetanse. Frå eple- og siderproduksjon til økonomi, skatt&avgift, juss, varelagerhandtering, alkoholregelverk, sal og marknadsføring mm.
Allereie no er det etablert studier innan sider. Langsiktig mål er å få på plass høgare utdanning på bachelor- og masternivå innan siderproduksjon som rustar for generasjonsskifte og drift av ein sidergard.
Pommelierutdanning
Fagskulen Vestland - Ulvik
Mange har hørt om sommelier-utdanning - vinkelner. No kan du også ta studiepoeng og verta Pommelier (siderkelner)! Dette er skikkeleg milepæl for næringa vår.
Du kan ta 30 studiepoeng over 1 år. Samlingane er miks av nett- og samlingsbasert med studiestad Hjeltnes, Ulvik i Hardanger.
Kontaktperson: David Gyllander - 41625856 / David.Gyllander@vlfk.no
Som pommelier får du læra kva sider er, om siderens historie og kultur både nasjonalt og globalt. Sidertypar, siderstilar, siderkultur og ulike klassifiseirngssystem. Kunnskap om eplesortar, dyrking, natur og landskap. Målet er å utdanna gode formidlarar innan sider.
Fyrste kull vart uteksaminert desember 2024.
Nytt fullsatt kull starta januar 2025.



Frukt og bær
Fagskulen Vestland - Ulvik
Målet med utdanningen er å styrke kunnskapen om produksjon, foredling, økonomi, kvalitet og omsetning av frukt, bær, most og sider, gjennom hele verdikjeden. Studiet retter seg mot både nye og eksisterende frukt-, bær- og most/siderprodusenter, fagarbeidere i produksjonene, elever fra videregående skole, lærere og ansatte i ledende stillinger i næringa, samt ansatte i kjeder/butikk, kategoriansvarlig og grossist.
Utdanningstilbodet er eit samarbeid mellom Fagskolen Innlandet, Fagskulen Vestland og Nome vidaregående skule. Utdanninga blir gjennomført på desse studiestadane:
-
Fagskulen Vestland, avd Hjeltnes
-
Studiestad Søve
Fellesemne:
-
Planteproduksjon (8 studiepoeng)
-
Marknad, kommunikasjon og verdiskaping (12 studiepoeng)
-
Klima, miljø og energi (5 studiepoeng)
-
Driftsleiing og økonomi (10 studiepoeng)
-
Vidareforedling av frukt og bær (5 studiepoeng)
Fordjupningsemne
-
Fruktdyrking (20 studiepoeng)
-
Bærdyrking (20 studiepoeng)
-
Most- og siderproduksjon (20 studiepoeng)
Norsk pommelierforening
Foreininga "Norsk Pommelierforening" er stifta, og under utvikling. Formålet er at "Foreningen skal forene og formidle fagkunnskap innen og i feltetene pommelier, sider og mat-og drikkekultur."
Her finn du gode fagpersonar å nytta til både kurs og marknads-/salsarbeid.
Ta kontakt med Christer Økland for meir informasjon.
christer.oekland@fjordtindhotels.no / 41244952

Grunnkurs i sider
og fruktdrikk
Ta kontakt med Kompetansenettverket i din region.
Kompetansenettverk
Lokalmat
Kompetansenettverka Nasjonalt arrangerer jamnleg kurs innan ulike emne for mat og drikke.
Dei tilbyr også besøksordninga som er open neste 24/7 heile året.
Eivind Vangdal
Siderråd AS
Nordic International Cider Education (NICE)
Svenska Must & Cider producenter har starta opp NICE. 11.-15 august 2025 er første moglegheit.

Siderrådgjevar
Benedikt Tobias Grein er tilsett ved NIBIO som siderrådgjevar. Han er ønolog og har brei praktisk erfaring som både vin- og sidermakar. Han kan bistå med både teori og praksis.
Kontaktinformasjon:
benedikt.grein@nibio.no
+47 467 44 329
Foto: Visit Hardangerfjord/Hardanger Int. siderfest


Kurs og digitale samlingar
Det vert arrangert fleire kurs gjennom året, og NIBIO held jamnleg digitale samlingar for siderprodusentar med fleire gjennom året. Dette er nasjonale tilbod for siderprodusentar og andre i næringa.
Ein inviterer inn eksterne foredragshaldarar frå inn- og utland og tek for seg ulike tema - frå produksjon til sal.
Ta kontakt med Benedikt Grein/Ingunn Øvsthus for å få meir informasjon og melda deg på lista over interesserte.
Det vert også arrangert fysiske kurs ifm. prosjekt og etter behov.
Døme på kurs:
-
Feil i Sider
-
Smaksworkshop kombinasjonar eplesort/gjær
-
Kva betyr tala i analyserapporten
-
Måling av sukker
-
Smaksworkshop Terroir
-
Pasterurisering av eplemost
Ynskjer du å skriva bachelor- /masteroppgåve/ doktorgrad om sidernæringa?
Tema som produsentane er opptekne av:
-
Analyse av sal og marknadskanalar
-
Anlayse av økonomisk bærekraft i bedriftene.
-
Reiselivssatsing.
-
Tilgang og pris på råvar/innsatsfaktorar.
-
Forbod mot alkoholreklame.
-
Eksportmoglegheiter.
-
Work-life-balance - små bedrifter, mange oppgåver.
-
Miljøsertifisering, regelverk, bærekraft.
-
Sentrale rammebetingelsar for næringa.
-
Oppgåver innan kjemi, biologi: gjær, råstoff, produksjonsmetodar, bakteriar, gjødsel mm.
Klynga opplever mange henvendelsar ang. oppgåver relatert til "klyngesamarbeid" - konkurranse vs. samarbeid blant produsentane, o.l. Det er kjekt å verta synleggjort i slikt arbeid, men for produsentane vil meir spesfikke problemstillingar vera av enno større interesse.
Kontaktperson:
- Biologi/kjemi o.l: Ingunn Øvsthus, NIBIO Ullensvang
- Øvrige oppgåver: Eirik Lekve Eide, styreleiar, Hardanger
