Kvalitet i fokus
FoU og rettleiing
For å lukkast med Siderklynga sine hårete mål, må kvalitet stå i fokus. Kvalitet i produksjon, råvare og ferdige produkt. Me arbeider langsiktig for å utvikla relevante tenester og stønad, samt nye fou-prosjekt for sider- og mostnæringa.
Nasjonalt kompetansesenter for sider og most
Siderklynga og NIBIO har saman utvikla fleire prosjekt og kompetanseområder. Dette har resultert i ein pilot kalla "Nasjonalt kompetansesenter for sider og most". Tilbodet er nasjonalt og har inkludert kurs og rettleiingsteneste for produsentane.
Prosjektleiar:
Ingunn Øvsthus, Forskar NIBIO
482 07 250 / ingunn.ovsthus@nibio.no
Prosjektet er finansiert januar 24 til juni 25 av Nasjonale Tilretteleggingsmidlar Landsbruksdirektoratet.
Det vert arbeidd med vidare finansiering.
Tenestene har vore gratis i pilotperioden.


Kjemisk og sensorisk vurdering av sider
NIBIO Ullensvang har laboratorium for kjemisk analyse og sensorisk vurdering av sider. Kjemisk laboratorium har instrument som kan måla viktige kjemiske parameter i sider.
Det er etablert eit smakspanel for sider som består av 16 personar frå Hardangerregionen. Smaksdommarane har tilknyting til HORECA (Hotell, restaurant og catering) næringar eller har kunnskap og interesse for mat og drikke. Kvar kandidat har gjennomgått grunnsmakstestar og andre sensoriske testar i utvalsprosessen.
Smakspanelet er til for å hjelpe næringa med å utvikle produkta sine, og på sikt vil det være eit viktig verktøy for å sikre kvaliteten på norsk sider og eplesaft.
Siderrådgjevar
Benedikt Tobias Grein er tilsett ved NIBIO som siderrådgjevar. Han er ønolog og har brei praktisk erfaring som både vin- og sidermakar. Han kan bistå med både teori og praksis.
Kontaktinformasjon:
benedikt.grein@nibio.no
+47 467 44 329
Foto: Visit Hardangerfjord/Hardanger Int. siderfest


Kurs og digitale samlingar
Det vert arrangert fleire kurs gjennom året, og NIBIO held jamnleg digitale samlingar for siderprodusentar med fleire gjennom året. Dette er nasjonale tilbod for siderprodusentar og andre i næringa.
Ein inviterer inn eksterne foredragshaldarar frå inn- og utland og tek for seg ulike tema - frå produksjon til sal.
Ta kontakt med Benedikt Grein/Ingunn Øvsthus for å få meir informasjon og melda deg på lista over interesserte.
Det vert også arrangert fysiske kurs ifm. prosjekt og etter behov.
Døme på kurs:
-
Feil i Sider
-
Smaksworkshop kombinasjonar eplesort/gjær
-
Kva betyr tala i analyserapporten
-
Måling av sukker
-
Smaksworkshop Terroir
-
Pasterurisering av eplemost
Prosjekt
Siderspråk og produktdifferensiering
«Siderspråk og produktdifferensiering» var i gang 1. april 2023. Samarbeidspartnarar er NIBIO, Nofima, University of Nova Gorica, 11 siderprodusentar frå heile Noreg, 2 restaurantar, MatArena, HANEN, 2 gjærprodusentar, samt partnarar fagskulen Vestland, og Universitetet i Sør-Øst Norge.
Målet er å utvikla eit sensorisk språk for norsk sider som sikrar god kommunikasjon hjå produsentar og forbrukar. Auka produktdifferensiering av norsk sider gjennom ny kunnskap om korleis eplesort, dyrkingsregion, gjær og produksjonsmetode påverkar kjemiske og sensoriske eigenskapar. HSP er prosjektleiar og har ansvar for marknadmarknadsarbeidet og formidling av kunnskap ut mot kundar og bransjen. Det har vore samling på Ås hjå Nofima, produksjon av 40 ulike siderkombinasjonar (5 eplesortar på 8 gjærtypar) som er screena og valt ut for vidare arbeid.
Prosjektet går 2024-2027. Finansiert av Forskningsrådet.
Kontaktperson: Arita Åkre, arita.aakre@aakre-gard.no / 41236648


Revidert forskrift Sider frå Hardanger
Sider frå Hardanger oppnådde beskytta geografisk nemning i 2009.
Mykje ny kunnskap har kome til og Hardanger Siderprodusentlag arbeider med oppdatering av forskrifta.
Det handlar om sukkerklassar, identifisering av feil, vidare system for godkjenning av produkta merka "Sider frå Hardanger" og etikettar.
Prosjektearbeidet er støtta av Landbruksmidlar Vestland fylke. (2024-2025)
Uncorking wine & cider typicality
Uncorking Wine and cider typicality er eit internasjonalt forskningsprosjekt gjennom Universitetet i Nova Gorica, Slovenia og fleire internasjonale aktørar. Frå Hardanger har NIBIO, Hardangerrådet og Hardanger Siderprodusentlag delteke. Nofima frå Ås har og vore med.
Prosjektet har bidratt med oppbygginga av eit forsknings- og utviklingssenter ved NIBIO og tenestane som no tilbys hjå NIBIO.
NIBIO har jobba med å karakterisera viktige kjemiske komponentar typisk for "Smaken av Hardanger" og Nofima har utvikla eit smakskart for "Sider frå Hardanger". Prosjektet har bidratt til at NIBIO har tatt ei rolle som ekspertmiljøet for siderforskning i Noreg. Det er etablert sensorisk panel, samt lab for kjemisk analyse av sider og utstyr til småskalaforsøk på siderproduksjon. Fagmiljøet ved NIBIO har knytta seg tett til fagmiljø i utlandet.
Prosjektet vart avslutta 31.12.23.

-framside.jpg)





