
Politikk og rammevilkår
Sidernæringa står i skjæringspunktet mellom landbruk, næring, reiseliv og helse. Politisk gjevne rammevilkår er viktige frå produksjon av råstoff til sal av ferdige produkt.
Her kan du lesa om viktige rammevilkår for næringa og noko av vårt arbeid med dette.

Nasjonalt fagutval for sider og fruktvin under HANEN
Hardanger Siderprodusentlag jobbar tett med HANEN og øvrige siderregionar om politikk og rammevilkår. Det er etablert eit felles fagutvalg for sider og fruktvin via HANEN. Fagutvalet består av:
-
Olav Bleie - Hardanger Siderprodusentlag (leiar)
-
Monika Wessel - Midt-Norsk siderlaug (nestleiar)
-
Jann Vestby - Nordfjord siderlaug
-
Endre Kleiveland - Sogn frukt- og siderlaug
-
Dan Olav Sæbø - Rogaland siderlag
-
Ole Christoffer Røst - Telemark Siderprodusentlag
-
Helge Steingrim - Egge gård/representant aust
-
Camilla Aasen - Fagutval for fruktvin
-
Bernt Bucher-Johannessen - HANEN (sekretariat)
-
Anna G. Langesæter - Hardanger Siderprodusentlag (observatør)
Ta kontakt!
bernt@hanen.no / 913 33 148
olav.bleie@gmail.com/ 48007966
Alkoholreklame = kommunikasjonsforbod
Fyrst og fremst, sidernæringa støttar at Norge har eit strengt regleverk rundt alkohol. Samtidig er det viktig å ha ein balanse mellom nærings- og helseperspektiv som gjer det mogleg for sidernæringa å eksistera og konkurrera på grunnlag med både norske og internasjonael aktørar.
Sidernæringa er i skjæringspunktet mellom fruktgard, vidareforedling, reiselivsprodukt og alkoholproduksjon, og me treng å få inn unntak i reklameforbodet som kan gjera det mogleg for vår næring å formidla eksistens. I 2025 er bilete, video og kommunikasjon svært viktig for å lykkast innan feks. reiseliv
Nasjonalt fagutval har utarbeida eit felles memo som skildrar ønska unntak i regelverket for alkoholreklame.




Handheving av regelverk for gardsutsal
(kommunale løyve)
I 2016 vart det lov å selja sider og fruktvin frå norske gardsutsal (inn til 22 %). Ein kan selja inntil 15 000 liter, og krever eigenproduksjon av eple for 1/3 i produksjonen. (Regelverket gjeld ikkje for druer eller for brennevin basert på eple/frukt).
Det er kommunane som handhever regelverket og gjev ut produksjons- og salsløyvene. Dette har medført ulike handheving i ulike kommunar - nokon er altfor strenge, medan andre tolkar lovverket litt for liberalt.
Hardanger Siderprodusentlag sitt standpunkt:
-
Regelverket har kome for å skapa tilleggsnæring for gardane og landbruket. Det er viktig å halda på gardstilhørigheten med eigenproduksjon og med lokalisering av utsalet nettopp på garden.
-
1/3 av eigenproduksjonen av eple for 15 000 liter kan følgjast betre opp for å sikra at kravet er overholdt.
-
Utsalet skal vera i umiddelbar tilknytning til garden, og til produksjonen.
-
-
Det skal foreliggja eit heilskapleg konsept - i dette omgrepet meiner me det er "frå jord til bord" med garden og eigenproduksjonen som ligg til grunn.
-
Punkt 1: Bør ikkje vera tilstrekkeleg å skaffa seg ein jordflekk. Gard og produksjon i fokus. Eigd (eller leigd) jord. Kan ikkje skaffa seg ein liten lapp og unngå regelverket. Det må vera ein heilskap.
-
Punkt 2:Heilskaplegkonsept:Det må ikkje vera krav til heile pakka. Det er tilstrekkeleg at ein får ei heilskapleg oppleving i det at ein besøkjer garden, ser kor epla og produkta kjem frå. Ein må sjå på heilskapen og produksjonen. Døme: . det kan ikkje vera krav om at ein bonde må tilby smakingar og full turistpakke for å ha eit gardsutsal.
-